Det nye systemet skal kunne informere operatørar i Polhavet om kvar sjøisgrensa går, bølgehøgder og storleik på isflak. Pierre Rampal, forskar ved Bjerknessenteret og Nansensenteret, fekk gjennomslag i Forskningsrådet like før jul for prosjektet neXtWIM: Waves in a next-generation sea ice model. I dette prosjektet skal Rampal og kollegaer bygge eit varslingssystem basert på ein svært realistisk sjøismodell.
– For operatørar i Arktis er grensa mellom sjøis og det opne havet svært viktig. Store bølger og drivande isflak kan vere ekstremt farlege, forklarer Rampal.
For å gjere dette vil forskarane inkludere interaksjon mellom bølger og is i ein ny generasjon modell for sjøis, kalla neXtSIM. Kjernen i modellen er ein ny metode for å berekne korleis sjøis vert utvikla og endrer seg. Denne modellen er no under utvikling ved Nansensenteret (NERSC). Ifølge Rampal er denne den første på verdsbasis, noko som gir Nansensenteret, Bergen og Norge ei leiande rolle når det gjeld vitskap kring Arktis.
I det siste tiåret har sjøisen i Arktis satt fleire nye minimumsrekordar. Det gir meir ope hav og påfølgande fleire bølger.
Rampal minnar om at både turisme, shipping og petroleumsindustrien tar sikte på å utnytte det minkande sjøisdekket for å utvide deira aktivitetsområder. Men Polhavet er ein stad der sjansen for ulykker auker.
I tillegg til utvikling av varslingssystemet, siktar forskarane mot å utvikle eit varslingssystem for bølger og is over heile Arktis. Til nytte for infrastrukturen i området, skal varslingssystemet gi informasjon om bølgehøgde og storleik på isflak i grenseområdet mellom sjøisen og det opne havet.
Fakta/ neXtWIM
Støtte frå Forskningsrådet: 6,5 MNOK
Prosjektperiode: April 2015 – April 2018
Eksterne deltakarar:
Dr. Fabrice Ardhuin (Forskningsdirektør ved Ifremer, Brest, France)
Prof. Vernon Squire (Universitet i Otago, New Zealand)
Dr. Luke Bennetts (Forsker ved Universitet i Adelaide, Australia)