Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Studerer klimavariasjonar i Asia

Denne sommaren har Asia vore prega av flommar og jordras i sør, og tørke og skogbrannar i nord, eit mønster som passer inn i ein langvarig trend mot ein stadig svakare austasiatisk sommarmonsun. I eit NORKLIMA-prosjekt samarbeider no norske og kinesiske forskarar for å auke forståinga av årsakene til klimavariasjonane i Aust-Asia.

Body

Av Tore Furevik, Geofysisk Institutt og Bjerknesenteret ved UiB og Odd Helge Otterå, Uni Bjerknessenteret.

Den austasiatiske monsun strekk seg som eit fleire tusen kilometer langt belte gjennom Kina, Korea og Japan, og er heilt sentral i å oppretthalde vassforsyning og matproduksjon for den store befolkningsmengda i denne delen av verda. I det tørre Nord-Kina kjem til dømes to tredjedelar av vatnet i Gule-elva som nedbør mellom juni og august, og kinesiske bønder har gjennom tusenvis av år levd med trusselen om ein sviktande monsun og tørke. Fleire episodar med hungersnød har ført til opprør mot styresmaktene og at nye dynasti har kome til makta (cook m.fl. 2010).

Tusen kilometer mot sør i Yangtze dalen er det nok av nedbør, og trusselen frå sommarmonsunen er heller flom enn tørke. I 2008 stod Dei tre kløfters demning ferdig, og i tillegg til ein årleg elektrisitetsproduksjon som svarar til om lag 60 prosent av den totale produksjonen i Noreg spelar demninga ei viktig rolle i å beskytte nedre del av Yangtze-dalen mot flommar som opp gjennom tidene har teke livet av mange titals tusen menneske. Sjølv dette gigantprosjektet – som bygginga av demninga var – bleiknar i høve til eit anna pågåande vassoverføringsprosjekt i Kina. Innan 2050 skal ein ved hjelp av pumpesystem og tre kunstige kanalar årleg transportere nesten 50 milliard kubikkmeter med vatn frå Yangtze-elva i sør til Gule-elva i nord.  
Tore Furevik (foto: Jill Johannessen)


Tørke i nord og flom i sør

Det har gjennom mange tiår vore ein tendens til at Den austasiatiske monsun er blitt svekka (Hu m.fl. 2003; Yu m.fl. 2004). Dette har resultert i stadig mindre nedbør og tørke i nord, og meir nedbør og flom i sør. Sommaren i år er eit døme på dette. Dette mønsteret med nordleg tørke og sørleg flom er eit av dei fenomena som ein ønskjer å undersøke i NORKLIMA-prosjektet DecCen.
 
I DecCen samarbeidar norske og kinesiske forskarar for å betre forstå dei naturlege variasjonane i klimaet i Aust-Asia, med fokus på variasjonar frå tiårs- til hundreårsskala. Dette vert gjort gjennom ein kombinasjon av feltarbeid for å rekonstruere klimaet, modellering av klimaet, og analyse av nye og eksisterande klimadata.

Norske og kinesiske forskarar i prosjektet har allereie vore i Tibet og samla inn sedimentprøver frå innsjøar ved foten av isbrear i Himalaya. Desse prøvane vil gje informasjon om korleis breane har variert attende i tid. Indirekte vil dei også kunne seie noko om variasjonar i sommarmonsunen sidan så godt som all snø som fell på breane her kjem om sommaren. Desse dataene vil vidare bli samanlikna med andre tilsvarande indirekte teikn for klimaendringar, og mogelege fellesnemnarar vil bli kartlagt og analysert. Dataene vil også bli samanlikna med lange køyringar (500–1000 år) med klimamodellar for å betre forstå kva eventuelle funn tyder på større skala.
 Odd Helge (foto: privat)

 

Regionalt og globalt klima

Ved hjelp av observasjonar og modellar vil ein gjennom prosjektet også studere samvariasjon i klimaet ulike stader på kloden, og gjennom ulike eksperiment med modellane forsøke å finne årsakssamanhengar i observasjonane. For dette prosjektet er det særleg aktuelt å sjå på mekanismar for korleis snø- og isdekke i nordområda, sjøtemperaturen i Nord-Atlanteren, og sjøtemperaturen i tropane, kan påverke lufttrykk og nedbørsmønstre over Kina. Ein vil i tillegg undersøkje i kva grad ytre pådriv, slik som drivhusgassar og variasjonar i solinnstråling og vulkanutbrot, kan vere med på å forklare dei observerte endringane i det austasiatiske klimaet.

DecCen er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Kina, og eit viktig aspekt ved prosjektet er arbeidet med å bygge tettare band mellom norske og kinesiske klimaforskarar. Språklege, geografiske og kulturelle barrierar krev at ein investerer meir tid til møter og utveksling enn det som er vanleg i forskingsrådsprosjekt, men etter felles møte i Beijing i fjor og møte og sommarskule i Austerrike i år, er vi på god veg.

Utveksling av kompetanse og personell er også ein sentral del av prosjektet. Fire kinesiske doktorgradsstipendiatar arbeider på prosjektet under felles kinesisk og norsk rettleiing.

Dei vil vera i Bergen i tre månader kvart år, og dermed sikre god kontinuitet i prosjektet. I tillegg har vi hatt besøk av ein postdoc, og ein seniorforskar vil komme i løpet av vinteren. Vi tek også sikte på at norske vitskapsfolk vil ha kortare forskingsopphald i Kina i løpet av desse tre åra.

Referansar

  • Hu, Z., Yang S. og Wu R. 2003. Long-term climate variations in China and global warming signals, J. Geophys. Res., 108 (D19), 4614.
  • Yu, R., Wang B. og Zhou T. 2004. Tropospheric cooling and summer monsoon weakening trend over East Asia, Geophys. Res. Let., 31, L22212.
  • Cook, E. R. m.fl. 2010. Asian monsoon failure and megadrought during the last millennium, Science, 328, 486–489.

Artikkelen var publisert i KLIMA 4-2010