Bjerknessenterets mål er å forstå klima
til nytte for samfunnet.

Fra venstre: Asgeir Sorteberg, Kristine M. Grimsrud , Atle Harby, Ingrid Hjort, Kine Josefine Aurland-Bredesen, Halvor Dannevig, Gunn-Britt Retter 

Kva kostar klimaendringane?

Det er eit enkelt spørsmål med eit vanskeleg svar. Asgeir Sorteberg er blant ekspertane som no skal hjelpe regjeringa å rekne på samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringar. 

Body

Utallige rapportar og utgreiingar viser at både klimatiltak og konsekvensar av klimaendringar har ein kostnad. Men på kva måte kostar dei, kvar og kva slag titak er mest kostnadseffektivt å gjennomføre – det er spørsmål det tar lengre tid å svare på. 

Det nye ekspertutvalet oppnemnt av regjeringa skal no prøve å finne ut av dette. 

Som det står i mandatet:

«EU-kommisjonen viser til at klimaendringene forårsaker skader for rundt 12 milliarder euro i EU årlig, og at tallet er forventet å øke til 170 milliarder euro dersom den globale oppvarmingen når tre grader over før-industrielt nivå. Det finnes i dag ingen oversikt over de samlede kostnadene for det norske samfunnet, verken knyttet til skader/tap som følge av klimaendringer, utgifter til tilpasningstiltak, tap av natur og økosystemtjenester eller andre velferdstap som følger av klimaendringer.»

Tilpassing til ekstremvær

Rekordutbetalingane etter ekstremværet Hans i fjor er eit døme på framtidige konsekvensar av ekstremregn.

– Det er vanskelege reknestykker. For å rekne på effektive tiltak, vil kostnaden vere her og no, medan gevinsten kjem fram i tid. Korleis prisset me fleire generasjonar fram, korleis prisset me endringar i økosystemet og høgare vannstand i framtida, til dømes, seier Asgeir Sorteberg, professor i meteorologi ved UiB og Bjerknessenteret. 

Sorteberg har i ei årrekke jobba spesielt med ekstremvær og ekstremnedbør. I går hadde utvalet sitt første møte. I løpet av to år skal dei tilnærme seg eit svar på kva som er samfunnsøkonomisk fornuftig klimatilpassing, sett i lys av kunnskap om kva klimaendringane vil koste oss alle no og i framtida.

Endringar i matproduksjonen

Sjølv om me i Noreg truleg blir spart for dei verste konsekvensane av klimaeendringar, vil global oppvarming medføre endringar også her. Berre dei siste åra ser ein ei stor auke i forsikringsutbetalingar av flom, vind, ras og anna naturskade. 

I tillegg vil faktorar som auka temperatur, auka nedbør, forskyvingar i sesongar, skape utfordringar. «Nær sagt alle samfunnsområder, sektorer og næringer er berørt», til store kostnader for samfunnet, skriv regjeringa i ei pressemelding då utvalet vart oppnemnt i sommar. 

Når gjennomsnittleg temperatur aukar, vil også økosystemet endre seg. Medan nokre artar får betre levevilkår, vil andre få dårlegare. For landbruket kan ein i framtida få lengre vekstsesong med fleire innhaustingar, ein kan dyrke nye artar og gjerne lengre mot nord. Også i havet er det venta at fiskebestandar endrar seg, og flyttar lengre mot nord. 

– Det viktigaste er at me unngår kortsiktige tankar om at klimatilpassing kun er eit utgift. Me må klare å rekne inn framtidig gevinstar, at samfunnet er best mogleg utrusta i framtida, seier Asgeir Sorteberg. 

Utvalet ser på kva type tiltak som er mest effektive og lønsame innan klimatilpasning, dei vurderer ikkje utsleppsreduksjonar i denne runden. Les heile mandatet her. 

Medlemmene i utvalet:

  • Postdoktor Ingrid Hjort, Oslo (leder)
  • Seniorforsker Atle Harby, Trondheim
  • Postdoktor Kine Josefine Aurland-Bredesen, Ås
  • Leder Gunn-Britt Retter, Nesseby
  • Seniorforsker Halvor Dannevig, Sogndal
  • Professor Asgeir Sorteberg, Bergen
  • Seniorforsker Kristine M. Grimsrud, Oslo