Det globale karbonbudsjettet, the Global Carbon Budget - er ein årleg oppdatering av globale trendar, utslepp og opptak av karbondioksid på jorda. Karbonbudsjettet er eit resultat av ei vitskapleg frp vitskapsmiljøa verda over, samla i Global Carbon Project.
Årets budsjett vart lansert i dag på COP23 i Bonn, der verdas styresmakter er samla for årets klimaforhandlingar.
- Karbonbudsjettet er enda ei påminning for klimaforhandlarane om kor nødvendig det er med handling og bindende avtaler rundt reduserte karbonutslipp, sier Meike Becker, forskar ved UiB og Bjerknessenteret.
Becker har vore sentral i arbeidet med årets karbonbudsjett for den delen som går på havets opptak av karbondioksid.
I det store biletet frå årets karbontal kjem det fram at utslepp av CO2 frå fossile kjelder har vore stabile for det tredje året på rad. Talet for 2016 ligg på 9.9 Gigatonn karbon (GtC). Alle tal og artiklar kan lesast hos globalcarbonproject.org
Dei ikkje så gode nyhetene er at utslepp av karbondioksid frå industri og fossile kjelder er venta å auke med to prosent for pret 2017.
Utslepp av karbondioksid fordelt på kjelder for året 2016:
- kol 40%
- olje 34%
- gass 19 %
- sement 5.6%
- fakling av gass 0.7%
Dei støste utsleppslanda er som tidlegare år:
- Kina 28%
- USA 15%
- EU 10%
- India 6.7%
Rekordhøg konsentrasjon av CO2 i atmosfæren
30. Oktober rapporterte WMO, verdens meteorologi organisasjon, om rekordhøgt nivå av karbondioksid i atmosfæren. Nivået på 403.3 parts per million (ppm) er den høgste konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren på 800.000 år. Årsaka er menneskelege aktivitetar i kombinasjon med El Niño-året 2016, ifølgje WMO.
Årets karbonbudsjett viser at vekstraten for CO2 var 6,1 GtC, tilsvarande 2,89 ppm. Det er over vekstraten i gjennomsnitt for dei siste ti åra, som er på 4,7 GtC. Fjorårets karbonbudsjett viste også ei slik høg vekstrate, då på 6,3 GtC. Både 2015 og 2016 er rekna som sterke El Niño-år. For det inneverande året, 2017 er det venta ein noko lågare vekstrate, på 5,3 GtC.