Ettermiddagen den 13. mai, landa det første laget frå det ERC-støtta SNOWISO-prosjektet på Grønlandsisen. DC-3-flyet Polar 5, eigd av det tyske Alfred-Wegener-instituttet, landa trygt – med ph.d.-kandidat Sonja Wahl, prosjektleiar Hans Christian Steen-Larsen, og meir enn eitt tonn last, inkludert alt det vitskaplege utstyret SNOWISO treng fram til august.
Saman med forskarar frå Danmark, Tyskland, og USA, samarbeider dei for å drive fram forståinga av korleis iskjerner fungerar som klimaarkiv, 100 000 år tilbake i tid. Ei av desse iskjernene er teke opp like ved SNOWISOs feltbase, på EastGRIP-campen.
SNOWISO forventer å samle over fem tusen prøvar frå snøoverflata for å søke lenka mellom målingane i atmosfære, og klimasignalet i snøen.
Nøye planlagd
Infrastruktur og ansatte på EastGRIP-basen gir moglegheiter for den mest omfattande måleaktiviteten nokosinne gjort på vass-isotopar i snø, vassdamp og nedbør samtidig. Som ein del av instrumentpakka er den nyaste cavity-ring-down-spektroskop-teknologien (CRDS) for direkte målingar av vassdampisotopsamansetjing, og tre fullstendige sett med Eddy-covariance-system for måling av meteorologiske parameter.
Vitskapsplanen for sumartoktet vart bestemt allereie for seks månader sidan av EastGRIP sin styringskomité. SNOWISO-gruppa og deira internasjonale samarbeidspartnarar har sidan då vore fokusert på å bestemme kva målingar som trengst for å svare dei vitskaplege spørsmåla.
Men kva treng ein i eit slikt miljø? Lasteflyreiser til isen er sjeldne, så det er avgjerande å ikkje gløyme nokre delar. Ein viktig del av planleggjinga er å passe på at kvar essensielle del av det vitskaplege utstyret var riktig pakka i dei meir enn 15 individuelle lastekassene.
Å kome seg dit er nesten halve jobben
– Å organisere eit stor internasjonalt samarbeid med mange partnarar er alltid spennande, men også utfordrande, sidan det er lett å gløyme små, viktige delar til målingane, seier Hans Christian, prosjektleiar på SNOWISO-prosjektet ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking.
– Det er lett å tenkje at nokon andre er ansvarlege for å hugse dei ulike delane, så kommunikasjon er nøkkelen til suksess.
Sonja og Hans Christian har nytta tida på kystbasen i Kangerlussuaq, ved å gjere alle kassene klare for flyturen, og prioriteringsplanar for dei første dagane ved basen.
Kvar dag på isen teller, så det er viktig å få målesystema i fungerande stand så raskt som mogleg.
Sonjas andre reise til Grønland.
Dette vert Sonjas andre tokt på Grønlandsisen, for to nye månader i dei kalde omgivnadane. Tidlegare i år kom ho att frå ein sesong i Antarktis, som også gav verdifulle erfaringar for den komande sumaren.
– Det blir spennande å kome tilbake på Grønlandsisen. Førre år var det første toktet hit, så eg var sjølvsagt ganske nervøs, men eg veit kva eg kan forvente, og eg ser fram til å kome til det kvite isødet igjen," seier Sonja.
– Sjølvsagt verkar dei to månadane på isen lange, men kameratskapet og samarbeidskjensla med kolleger mot eit felles mål, får tida til å fly!
Ho seier det er vanskeleg å forklare erfaringane hennar i felten til familie og vener, sidan det er så annleis enn kvardagslivet eller, men: «det ser ut til at dei har blitt vande til at eg brukar sumartida mi i vinteromgivnadane.»
Etter returen
Når dei to månadane i felt er omme, er arbeidet langt frå gjort. Tilbake på laboratoria blir snøprøvane målte og data frå dei ulike instrumenta blir slått saman og analysert.
– Dette er ein veldig spennande feltsesong. Vi har mange målingar som kjem saman, og eit flott lag med ph.d.-studentar og vitskapsfolk som arbeider tett på kvarandre, seier Hans Christian.