Onsdag 12. juni signerte Bjerknessenteret ein Memorandum of Understanding (MoU) med det koreanske polarforskingsinstituttet (KOPRI), der mesteparten av nasjonens lange tradisjon for polarforsking vert gjort.
– For oss er dei ein veldig attraktiv forskingspartner i regionen. Eg trur og håper at avtalen vil kome eksisterande og framtidig forskingssamarbeid med Sør-Korea til gode, seier Tore Furevik, direktør for Bjerknessenteret.
– Eg ser fram til at dette skjer.
MoU-en vart signert saman med fleire andre MoU-ar mellom sør-koreanske og norske institusjonar i ein seremoni på Grand Hotel i Oslo, i samanheng med den sør-koreanske presidenten Jae-in Moons statsbesøk til Noreg denne veka.
Vil samarbeide om vitskaplege prosjekt
Avtalen legg grunnlaget for å igangsetje fleire forskingsprosjekt basert på felles interesser i tema innan globale klimaendringar og scenarier, biogeokjemiske syklusar, og polarklima. KOPRI og Bjerknessenteret har allereie prosjekt der dei samarbeider, mellom anna TABACO-prosjektet, om issmelting i Antarktis.
KOPRI opererar Arctic Dasan Station i Ny-Ålesund, Svalbard, to antarktiske statsionar, King Sejong og Jang Bongo, samt forskingsisbrytaren Araon.
Sør-Korea er Noregs nest største handelspartner i Asia, og den største forskingsnasjonen i verda, målt i prosent av BNP på forsking – 4,55 %.
Dette er den tredje MoU-en Bjerknessenteret har med koreanske institusjonar, dei andre er IBS Center for Climate Physics, og OJeong Eco-Resilience Institute.