Understanding climate
for the benefit of society

Siktar mot sesongvarsling

I det nyoppstarta prosjektet EPOCASA, tar Noel Keenlyside og kollegaer mål av seg å utvikle værvarsling på sesongskala.
 

Body

Det siste tiåret har auken  i den globale overflatetemperaturen flata ut. På den nordlege halvkula har ein hatt fleire svært kalde vintrar,  vinteren 2012/2013 opplevde me ekstrem kulde og store snømengder over Europa og deler av Nord-Amerika. I tillegg var mars 2013 den tørraste på vestlandet sidan pålitelege observasjonar tok til kring 1900.

Samstundes var det stor oppvarming i Arktis med tilhøyrande tap av sjøis, som kulminerte i det rekordlave nivået av sjøis i september 2012.

– Menneskeskapt oppvarming kan forklare deler av desse endringane, men ikkje dei store årlege variasjonane. Menneskeskapt oppvarming kan heller ikkje forklare dei store tiårige endringane i klima på den nordlege halvkula, som me har observert det siste århundret, seier Noel Keenlyside. professor ved Geofysisk institutt, UiB og Bjerknessenteret.

Ny kunnskap gjer varsling mogleg  
– Varsling er den ultimate testen på om me har forstått klimasystemet, seier Keenlyside.

Han koordinerer det nyleg starta prosjektet EPOCASA (Enhancing seasonal-to-decadal Prediction Of Climate for the North Atlantic Sector and Arctic).  Gjennom dette prosjektet tar forskarane mål av seg å utvikle varsling over lang tidsskala, samanlikna med dei kortare vêrvarslingane. Forskninga fokuserer på Nordatlanteren, Noreg og Arktis, og kan bane veg for operasjonelle varslingar på sesong- til tiårig skala. Dette kan igjen ha stor samfunnsnyttig og økonomisk verdi.

Om det er mogleg å varsle klima på sesongskala eller lengre fram i tid, er framleis eit ope spørsmål. Men det er mykje som tyder på at særlege deler av klimasystemet, som tropane, Nordatlanteren, sjøisen i Arktis, snødekket i Eurasia, i tillegg til øvre del av atmosfæren, utgjer eit grunnlag for vellukka klimavarsling knytt til det nordatlantiske havområdet.


Frå kick-off møtet for EPOCASA 30. januar: Frå venstre Yonqi Gao, Anne Britt Sandø, Mao-Lin Shen, Francois Counillon, Mats Bentsen, Noel Keenlyside, Tor Eldevik, Mahaut de Vareilles, Øystein Skagseth, Camille Li, Kjell Arne Mork, Ingo Bethke, Yvan Orsolini, Retish Senan, Thomas Toniazzo, Marius Årthun, Frode Stordal. Foto: Kjartan Mæstad, Havforskningsinstituttet

Les meir om EPOCASA på prosjektsidene (engelsk)

Utviklar modell for klimavarsling
I prosjektet samarbeider difor ekspertar innan meteorology, hav- og klimaforsking med ekspertar på dataassimilering. Dette representerer eit nytt samarbeid i Noreg.   
– Me nyttar ei innovativ tilnærming til avansert dataassimilering, det vil seie korleis observasjonar inkluderast i varslingssystemet og i vurderinga av konkrete varsel, seier Keenlyside.
Prosjektet bygger vidare på ei tidlegare strategisk satsing ved Bjerknessenteret, der ein nyleg har kopla dagens versjon av jordsystemmodellen NorESM – den norske klimamodellen som inngår i den siste rapporten frå FNs klimapanel - med ein avansert dataassimileringsmetode utvikla ved Nansensenteret.

– Dette er no utvisa til eit nasjonalt samarbeid for å realisere eit norsk varslingssystem for klima, seier Noel Keenlyside.