– I dag påverkar vi i stadig aukande grad alle marine system med karbondioksid, utslepp, forureining eller fysisk infrastruktur, og overforbruk av biomasse på ulike nivå i økosystemet.
Slik opnar ein nyleg artikkel i PNAS frå ei rekkje havforskarar i fleire nordiske institusjonar.
– Havet har begrensa kapasitet for å tilpasse seg til desse stressfaktorane, med farlege og mogleg ugjenkallelege implikasjonar for menneska på både kort og lang sikt. Å tilpasse seg desse endringane, og oppnå FN sine bærekraftsmål, krever data og kunnskap om dei mangefasetterte menneskeskapte påverknadane på havet.
I artikkelen hevdar dei at verdssamfunnet kan lære mykje frå Norden når det gjeld slike samarbeid for bærekraft. For korleis skal forskarar snakke med samfunnet rundt seg?
Forskarane trekk fram tre hovudpunkt som har vore viktige for dei nordiske landa:
- Dei lange linjene: Omfattande langsiktige observasjonar av havets fysiske og biologiske prosessar gjer at vi er mindre utsatt for feil i styringspolitikken rundt havet.
- Fleire veletablerte vitskapsorganisasjonar gjer kompetansen mangfaldig, og mindre avhengig av eit fåtal rådgivande personar.
- Tillit mellom beslutningstakarar og forskingsmiljøa fører til mindre vilkårlege avgjerder, og færre uforutsette og negative utfall.
Likevel er det viktig at forskarar i større grad tek innover seg viktigheita av å samarbeide på tvers av fag og disiplinar, meiner forfattarane. Dei håper at FN sitt havforskingstiår (Decade of Ocean Science) som startar i 2021 – med Erna Solberg som leiar for høgnivåpanelet for hav – kan vere ein arena for auka tverrfagleg samarbeid.
– Vi meiner at størrelsesordenen for dei pågåande utfordringane krever at forskarar tek større ansvar og engasjerar seg meir i samfunnet, både med beslutningstakarar og næringsliv.
Ailin Brakstad og Kjetil Våge ved UiB, og Øyvind Paasche ved UiB og NORCE er alle tilknytta Bjerknessenteret for klimaforskning. I tillegg er Dorothy J. Dankel (UiB) og Anders Goksøyr (UiB og Havforskningsinstituttet) tilknytt våre partnerinstitusjonar.
Referanse
Attuning to a changing ocean, Nils Chr. Stenseth, Mark R. Payne, Erik Bonsdorff, Dorothy J. Dankel, Joël M. Durant, Leif G. Anderson, Claire W. Armstrong, Thorsten Blenckner, Ailin Brakstad, Sam Dupont, Anne M. Eikeset, Anders Goksøyr, Steingrímur Jónsson, Anna Kuparinen, Kjetil Våge, Henrik Österblom, Øyvind Paasche. Proceedings of the National Academy of Sciences Aug 2020, 201915352; DOI: https://doi.org/10.1073/pnas.1915352117