- På GFI og Bjerknessenteret har me all grunn til å vere nøgde med vurderinga, seier Nils Gunnar Kvamstø, instituttleiar ved Gfi og forskar ved Bjerknessenteret.
I den nye rapporten kring den marine forskinga ved UiB, kan ein lese:
“Noen av de marine forskningsgruppene i Bergen er blant de mest anerkjente i verden. De tilhører i hovedsak de største instituttene og sentrene med en sterk marin profil, inkludert Geofysisk institutt, Institutt for geovitenskap, det tverrfaglige Senter for geobiologi, Institutt for biologi og det tverrgående Bjerknessenteret for klimaforskning. Forskningen på havets betydning for klima og klimaendring i nåtid, fortid og fremtid er eksepsjonelt sterk.”
Det er forskarar frå Danmark, Sverige, Storbritannia, Irland og Spania som står bak vurderingsarbeidet, skriv På Høyden.
Les i På Høyden: Imponerande forsking, dårleg organisering.
Les heile rapporten her
UiB oppnemnte sommaren 2014 eit internasjonalt panel som fekk i oppdrag å evaluere marin forsking og utdanning ved universitetet dei siste ti åra. Sidan slutten av 1980-talet har marin forsking og utdanning vore eit strategisk satsningsområde på UiB.
Den marine forskninga i partnerinstitusjonane Uni Research, Havforskningsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling er ikkje vurdert i rapporten.
Organiseringa av den marine forskinga ved UiB er ikkje like imponerande ifølge ekspertpanelet. Både kva det strategiske satsningsområdet inneber og skiljeliner til Uni Research skapte forvirring.
Forskinga ved Uni Research var ikkje ein del av vurderinga og panelet har ikkje hatt kontakt med Uni Research, skriv På Høyden.
– Vi føler at den evalueringa heng litt fast i gamal historie, seier administrerande direktør i Uni Research, Aina Berg til På Høyden.