Som ei følge av mange nye prosjekt, vaks Bjerknessenteret frå 150 til 195 tilknytta personar i løpet av 2014. Ikkje berre nye postdoktorar og ph.d-stipendiatar kom til, også nye forskarar vart tilsett i partnerorganisasjonane, frå alle kantar av verda. For første gong er fleirtalet fødd utanfor Noreg.
Ny organisasjonsstruktur
I løpet av 2014 har Bjerknessenteret fått ny organisasjonsstruktur, der styret for det tidlegare Senter for klimadynamikk (SKD) er slått saman med styret for Bjerknessenteret. Sjå oversikt over organisasjonen her
Leiargruppa har definert ein ny visjon, vitskaplege mål og strategi for Bjerknessenteret.
Åtte nye strategiske prosjekt er satt i gang, finansiert gjennom det statlege tilskotet til SKD.
"Årets produksjon av vitskaplege artiklar har auka markant i fjor, og Bjerknessenteret er meir tydeleg enn nokon gong som produsent av god vitskap. Det er publisert nær 150 artiklar, inkludert fem i Nature og Science", skriv direktør Tore Furevik i sin Directors Comment for 2014. Les heile på engelsk her.
Sjå komplett liste over publikasjonar i 2014
Økonomi 2014
Den viktigaste inntektskjelda for Bjerknessenteret er eit tolvårig tilskot frå Kunnskapsdepartementet som for 2014 var på 27 millionar kroner. Denne går til Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret, der UiB er vertsskap. Som vert for SKD finansierer UiB sju rekrutteringsstillingar ved Bjerknessenteret.
Tilskot frå Norges Forskningsråd og EU står for kring 70 prosent av den totale inntekta i 2014.
Sources of income |
(1000 kr) |
Ministry of Research and Education |
27 221 |
University of Bergen |
6 055 |
Research Council of Norway |
66 894 |
European Commission |
13 458 |
Other public funds |
4 661 |
Total income |
118 289 |
In-kind contributions from the partner institutions (E.g staff salary, ship time, computer resources, etc) are not included in the table above.
Også i årsrapporten:
Tor Gammelsrød og Hilary Birks vart emeritus og emerita
Med blikk for fisk og fysikk // A practical view of physics and food
Festseminar for Hilary Birks // It's all in the detail