Historia om Klimaninja starta i 2016, då Petra Langebroek, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret skulle på feltarbeid i ein månad på Grønlandsisen. For å fortelle heim til sine to små søner, lånte ho ein med seg ein liten Lego Ninjago-figur. Resultatet vart ei fortelling om livet som forskar på isen. Då hennar kollega professor Elin Darelius eit par år etter skulle på eit langt tokt til Antarktis, fekk ho også med seg den vesle Klimaninja.
I dag har det blitt tre magasin med Klimaninja-fortellingar om forskning på Grønlandsisen, i djupet under isbremmane i Antarktis og i djupet av dei norske fjordane.
Det er denne Klimaninjaen Bryggens museum har tatt tak i og bygd vidare på i fortellinga om forskning i Bergen.
I utstillinga kan ein vandre fram gjennom tidene, frå den tidlege juristen Audun Hugleiksson, som skapte den første Landslova saman med kong Magnus lagabøte. Du kan møte Absalon Beyer og Erik Pontoppidan, og kikke på rektor Arentz’ historiske tabellar over nedbørsmålingar frå 1760-talet, Armauer Hansen og Christies oppretting av Bergen museum - før ein får eit blikk inn i den moderne forskingas tid og professor Elin Darelius’ kontor i Geofysisk institutt.
Alt med følge historiske tablå bygd i lego av legokunstnaren Birgitte Jonsgard.
Utstillinga «Smarte bergensere?» er ein del av Bymuseet sitt 150-årsjubileum for Armauer Hansen og oppdaginga av leprabasillen. Utstillinga står til 10. mars 2024.