Det er sjette år på rad at konferansen Ocean Outlook samlar marine forskarar, anten i Bergen eller i Woods Hole, USA. Årets møte skulle vore på den anerkjende havforskingsinstitusjonen Woods Hole Oceanographic Institution (WHOI), men vert i staden eit digitalt møte mellom marine forskarar over heile verda.
Årets tema er den nære framtida til havet her i nord. Det handlar om kva slags type endring som er venta, når det gjeld fysisk og biologiske endringar, samt kva slags type teknologi som vert nytta:
- Polar forsterking – fenomenet ved at global oppvarming er sterkare kring polområda
- Metan i Arktis
- Den mesopelagiske sona – skumringssona i havet
- Utvikling i måleinstrument
Her er programmet onsdag 27. mai
Onsdag 27. mai 14.30-1700
Dei tre timane på nett er ein forsmak på neste års møte i Woods Hole, når ein igjen kan møtast fysisk til fagleg diskusjon.
– Det breie spekteret i konferanseprogrammet er naudsynt for å møte dei mange utfordringane ein møter i framtidas havforskning, seier primus motor Øyvind Paasche, seniorforskar og rådgjevar ved Bjerknessetneret.
Paasche er glad for den store interessa for konferansen sidan starten i 2015. Nettopp at konferansen vekslar mellom å vere i Bergen og Woods Hole, gjer at institusjonane og forskarane vert godt kjende med kvarandre og gir eit godt grunnlag for samarbeid.
— Vi jobbar spesielt med fleirfaglege innfallsvinklar og at unge folk får høve til å vise kva dei held på med. I tillegg kan også folk utanfor akademia vere med. Spesielt i år er at Covid-19 hindrar oss i å møtes fysisk, difor har me satt opp dette webinaret som ein teaser for neste års konferanse i Woods Hole, seier Paasche, seniorforskar og rådgjevar ved Bjerknessenteret for klimaforsking.
Han løftar fram konferansens evne til å setje fokus på relevante tema som ligg tett på forskingsfronten.
— Vi var til dømes tidleg ute med å adressere marin mikroplas og det vitskaplege rammeverket som trengtes. Dette førte til mykje godt samarbeid mellom WHOI og institusjonane her i Bergen. Ein kan jo leggje merke til at HI sidan den gong har fått etablert ein førsteklasses lab som kan måle mikroplast på mange ulike nivå.