Fredag 24. april: Planter og klima
No livnar det i lundar! Men kva gjer skog og planter for klimaet? Korleis hjelper skogplanting for CO2? Korleis kan pollen og planter brukast til å forklare fortida og framtidas klima? Kva gjer skogbrannar i Australia for naturmangfald og CO2? Og kva hageplanter tek opp mest karbondioksid? Professorane Vigdis Vandvik og Anne E. Bjune om planter, klima og naturmangfald.
Fredag 17. april: Sommerværet
Klimaforskar Erik Kolstad ved NORCE og Bjerknessenteret svarar på spørsmål om sesongvarsling, korleis sommerværet blir, og korleis forskarane kjem fram til det. Les om vårens varsel frå Seasonal Forecasting Engine her
Fredag 3. april: Havnivåstigning
Professor Helge Drange ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret svarar på spørsmål om havnivåstigning og klimaendringar.
Fredag 27. mars: Alt om klima
«Korleis ser klima ut når eg er seksti? Eg er ni år no.»
Dette var eitt av dei spørsmåla som kom inn til vår direktør Tore Furevik siste fredag i mars.
Andre nettdiskusjonar om klima
Klimakvarteret
Opptak frå webinar hos Norsk Klimastiftelse mandag 31. mars.
Nettkurs: Causes of Climate Change
Ta eit nettkurs om kva som driv klimaendringar på jorda. KlimaMOOCen Causes of Climate Change startar i dag. Kurset går over tre veker, med pårekna studietid på fire timar i veka. Kurset er på engelsk, og du får oppfølging av klimaforskarar hos oss! Og heilt gratis, sjølvsagt
The Climate talk show på dokumentarfilmfestivalen CPH:DOX
Dokumentarfilmfestivalen i København gjekk digitalt i år, lørdag var det debatt med klimaforskarar - deriblant Hans Christian Steen-Larsen ved UiB og Bjerknessenteret.