Understanding climate
for the benefit of society

Webinar på tvers av Atlanteren

Jostein Bakke (UiB) og Ray Bradley på UMASS har dratt i gang ei felles web-basert forelesningsrekke i kvartærgeologi og paleoklima.

Body


Foto: Ray Bradley


Onsdag klokka tre startar forelesningsrekka ”International Quarternary Webinar”, som blir overført via webplattformen Fuzebox.  Forelesningsrekka er eit samarbeid mellom UiB og partnarinstitusjonen University of Massachusetts (UMASS), USA. Forelesaren som vekslande vil vere i Bergen og i Massachusetts kan få spørsmål frå deltakarane på kvar si side av Atlanteren etterpå.

– Endeleg kan me møtast og ha faglege diskusjonar på dagleg basis på tvers av Atlanteren. Formålet er å utnytte det beste av ressursane frå begge institusjonar. Me har mange møtepunkt, dei er som oss store på fortidsklima, seier Jostein Bakke, professor på Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret.

I første omgang er dette eit eksperiment for å sjå korleis dette vil fungere i praksis.

– Dersom dette fungerer fint, kan me i følgande semester inkludere forelesarar frå andre institusjonar. Til hausten vil webinaret vere ein del av undervisningstilbudet på geovitskap, kalla GOEV 332. Om ein tar eksamen eller ei, vil dette kurset uansett vere interessant for studentar og tilsette, seier Bakke.
 

Testar teknologien

Prøverundar tidlegare har fungert fint, med god kvalitet i overføringa. Om ein verken er i Bergen eller Massachusetts, kan ein likevel følge med via lesebrett eller smarttelefon. Fuzebox fungerer omtrent som i ein Skype-samtale, og for å delta må ein bli invitert inn (kontakt i såfall Jostein Bakke). I tillegg vil alle forelesningane vil bli samla opp og vere tilgjengelege på nett i ettertid, her. 

– Eg er spent på oppmøtet, det har potensiale for ekspansjon dette. Me kan ha hundre ulike brukarar, men i forelesningssalen er det ope oppmøte.

Sidan forelesningsrekka inkluderer amerikanske studentar som må følge sine timeplanar, gjer Jostein Bakke merksam på at forelesningane startar klokka tre presis.

Ingen akademiske kvarter her, altså.
 

Arktisk klimahistorie frå nordaustlege Russland

På onsdag er det Julie Brigham-Grette som er først ut med sitt foredrag. Ho har nettopp hatt ein artikkel i Science , der ho presenterer data frå Lake El’gygytgyn, ein innsjø i Sibir som har sediment attende 3.6 millionar år. Eit av hovudfunna er kor sensitivt det arktiske klimaet er for endringar i CO2 konsentrasjonen i atmosfæren.

– Dette er ein lokalitet med enorme mengder paleoklimatiske data og det fyrste kontinuerleg datasettet som går så langt attende i tid, seier Jostein Bakke.


 

Forelesningane kan følgast frå Pal.Strat. Salen, Institutt for geovitskap, kvar onsdag mellom 15:00-16:00

Forelesningsrekka er som følger denne våren:

Jan 22 Julie Brigham-Grette, UMass:
Arctic Climate History of the past 3.6 Myrs from Lake El'gygytgyn, NE Russia: Revelations and Next Directions

Jan 29 Ulysses Ninnemann, University of Bergen:
Large reductions in North Atlantic Deep Water during warmer than present conditions—lessons from the last interglacial

Feb 5 Alan Condron, UMass:
Arctic sea ice export as a trigger for abrupt climate change

Feb 12 Hans Petter Sejrup, University of Bergen:
Impact and stability of marine based ice streams; evidence from the Norwegian Channel Ice Stream (NCIS), eastern North Sea

Feb 19 Rob Deconto: UMass:
Antarctica’s contribution to sea-level rise during the Last Interglacial and in the future

Feb 26 Jan Mangerud, University of Bergen:
From LGM to the Early Holocene; Ice-margin retreat and fluctuations in Western Norway

March 5 Ray Bradley, UMass:
The signal of Heinrich events in the Tropics and Sub-Tropics

March 12 Jostein Bakke, University of Bergen:
Reconstruction of alpine glaciers at the rim of the poles

March 26 Jeff Salacup, UMass:
A new high resolution recorder of coastal environmental evolution: Estuarine alkenones from Narragansett Bay, Rhode Island

April 2 John Inge Svendsen, University of Bergen:
Glacial and climate history in the Russian Arctic during the last interglacial- glacial cycle

April 9 Stephen Burns, UMass:
Speleothem records of changes in the South American Summer Monsoon in the Late Quaternary

April 16 – Norway: Easter vacation April 23: UMass: (Monday schedule)

April 30 Kerim Nisancioglu, University of Bergen:
Abrupt climate changes during the last glacial cycle